søknad om plass

Påmeldingsskjema til Lærdalsmarknaden er no open!


Marknadsnemndi er godt i gang med planlegginga, og marknadsprogrammet og utstillarlista vert presentert etterkvart som marknaden nærmar seg.

Det er avgrensa antal treboder, så ver rask om du vil sikre deg ein.

Følg med å facebooksida vår! Der legg me ut aktuelt og informasjon inn mot marknadshelga.

Me gler oss til Lærdalsmarknaden - Handel og folkefest mellom aust og vest!

 

område

OVERSIKT OVER ULIKE SALSOMRÅDE

  • Dette er hjartet av gamle Lærdalsøyri og ligg rett ved dei gamle krambuane. Her finn du òg eit av dei to offentlege toaletta i sentrum. (Punkt 1 på kartet)

  • Eit koseleg smug mellom trehusa som bind gamle Lærdalsøyri saman med nye sentrum. (Punkt 2 på kartet)

  • Parkarealet mellom Kanalen og rådhuset. Her kan du finna skugge under trea, og mange seljarar. (Punkt 3 på kartet)

  • Ein koseleg gammal bakgård ved Gamlebanken og Lærdalsøren hotell. Her finn du hovudscena og gode moglegheiter til matservering. Området blir nytta til bodsal under haust- og julemarknaden. (Punkt 4 på kartet)

  • Dette er den gamle hovudgata i Lærdal, i dag gågate mellom historiske trehus. Ho utgjer òg ein del av Kongevegen mellom aust og vest. (Punkt 5 på kartet)

  • Ved særskilte behov er det mogleg å drøfte andre stader som utstillingsareal. Ta evt. direkte kontakt med oss.

kategoriar

OVERSIKT OVER ULIKE SALSKATEGORIAR

Markensgrøde
Matprodukt og servering

Husflid
Handarbeid i ulike teknikkar m.m

Fritid
Fritidsutstyr, jakt og fiske, hobby

Antikk
Antikk og brukte gjenstander, gjenbruk

Husogheim
Alt til hus, heim og hage

Verktøy/arbeid/maskin
Bil, verktøy, arbeidsliv

Organisasjonar
Frivillig sektor

Ymist
Alt anna!

FAQ

OFTE STILTE SPØRSMÅL

 
  • Under marknaden, så opprettar vi eit marknadskontor i Gamlebanken (Øyragata 11). Marknadskontoret tilviser plass for deltakarane, etter at innbetaling av deltakaravgift er sjekka ut, og yt anna service. Ta kontakt om du treng hjelp under arrangementet.

  • I marknadsområdet ligg Lindstrøm hotell (www.lindstroemhotel.no) og Sanden pensjonat (www.sandenpensjonat.no), som begge to er miljøfyrtårnsertifiserte. For andre overnattingsalternativ, sjå oversikt på www.sognefjord.no.

  • Sentrum har fleire serveringsstader, men det er stor sesongvariasjon. Det er òg gode muligheter å få kjøpt mat i ulike boder rundt på marknaden.

  • Det er off.toalett på Gamle holdeplassen og ved busstoppen ved rådhuset. Det er handikaptilgang og stellerom ved toalettet i rådhuset.

  • Sjå sentrumskart

  • Minibank Sogn Sparebank
    Post i Butikk Coop Extra
    Apotek Vitusapotek
    Bensinstasjon Esso
    Daglegvarebutikkar Kiwi, Coop Extra