|
Tusen takk til alle som tok del på Lærdalsmarknaden i juni! Det vart ein svært vellukka marknad og me har fått meldingar attende om god handel og triveleg stemning. No er det på tide å tenkje på neste marknad, og me vil med dette invitere til deltaking på vår tradisjonsrike Haustmarknad, som i år vert siste helga i september. Laurdag 25. og søndag 26. september 2010 Dersom du/din organisasjon/ditt firma ønskjer å ta del må de gjera vel å fylle ut søknadsskjemaet her på heimesida vår, seinast innan 11. september 2010. Frå og med årets haustmarknad inkluderer marknadsavgifta listing i fellesannonse i Sogn avis (og på vår eigen nettstad). Det er difor særs viktig å betale innan fristen slik at de kjem med der, og får nytte av denne marknadsføringa som er inkludert i prisen! Dersom noko er uklart kan de ta kontakt med oss på telefon 57 64 12 00 eller sende ein e-post til
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadressar. Du må aktivera javascript for å kunne sjå adressa.
. Marknadsnemndi ser fram til å motta dykkar søknad som deltakar på Haustmarknaden 2010. Helsing Marknadsnemndi |