Vedtekter

Vedtekter for Foreninga Lærdalsmarknaden, org.nr 998297109

§ 1 – FØREMÅL FOR ARRANGEMENTSSAMARBEID I LÆRDAL GJENNOM FORENINGA LÆRDALSMARKNADEN
Frivillige lag og organisasjonar i Lærdal kommune vil gjennom foreninga Lærdalsmarknaden samarbeide om arrangementsansvaret for større publikumstilstellingar i kommunen. Arrangementa skal gje inntektsmoglegheiter for dei deltakande frivillige lag og organisasjonar, og samstundes skape tilstellingar til glede for ålmenta.

§ 2 – ORGANISERING
Det høgaste organet i foreninga Lærdalsmarknaden er årsmøtet. Alle frivillige lag og interesseorganisasjonar i Lærdal kommune har automatisk medlemsskap i foreninga Lærdalsmarknaden. Foreninga skal ikkje ha kontingent. På årsmøtet til Lærdalsmarknaden har alle medlemslag og -organisasjonar møte- og røysterett. Kvar møtande organisasjon har ei røyst. Årsmøtet skal haldast årleg (innan 15. mars).
Årsmøtet vel årleg valnemnd, som skal kome med framlegg til marknadsnemnd (styre). Marknadsnemndi kan ha inntil 7 medlemar og toårig funksjonsperiode. Lærdal kommune peikar ut eitt av medlemane. Dei resterande medlemane i marknadsnemnda vert valt av årsmøtet. Marknadsnemndi skal konstituere seg med leiar og eventuelle andre styrefunksjonar og marknadsnemndi kan opprette undergrupper til særskilte arbeidsoppgåver.
Lærdal kommune kan etter førespurnad frå marknadsnemndi stille sekretariat til disposisjon for nemnda.

§ 3 – FORVALTING AV RETT TIL HANDEL UTANOM FAST UTSALSSTAD
Under marknadsdager i regi av Lærdalsmarknaden, disponerar marknadsnemnda Lærdal kommune sin rett til å tilvise plass til seljarar.

§ 4 – ØKONOMISK FORVALTING
Sekretariatet forvaltar Lærdalsmarknaden sine bankkonti. Sekretariatet pliktar å halde forsvarleg rekneskapsmessig oversyn over aktiviteten. Årsmøtet vel revisor.

§ 5 – ENDRINGAR I VEDTEKTENE
Årsmøtet kan med vanleg fleirtal vedta endringar i vedtektene for foreninga Lærdalsmarknaden. Framlegg til endringar skal sendast til marknadsnemndi, som legg saka fram for årsmøtet.

Vedteke på skipingsmøtet 11.04.2012