Nyhende

Ope møte: Lærdalsmarknaden og framtida!

Dei siste åra er det blitt gjennomført eit utviklingsarbeid rundt Lærdalsmarknaden, målet har vore å undersøkja potensiale i og rundt dei tre årlege arrangmenta, og slik finna ein god måte å drifta og utvikla arrangementa vidare.

Lærdalsmarknaden er eit av dei største kulturarrangement i vår region og har slik sett både ein posisjon og eit ansvar for vidare utvikling og god drift. Lærdalsmarknaden har etter fleire tiår no blitt ein viktig arena for lokale norske produsentar i tillegg til å vera ei betydelig inntektskjelde for våre eigne frivillige lag og organisasjonar. Lærdalsmarknaden er samstundes ei merkjevare som det lokale næringslivet kan profilera seg under.

Fleire har vore involvert i arbeidet som vi no skal presentera. Forutan marknadsnemdi har fleire aktørar vore inne å bidrege med ulik ekspertise, for å hjelpa oss gjennom eit stort stykke arbeid. Vi serverer pizza, så det går fint om du kjem rett frå jobb!

TID
Måndag den 27.januar klokka 1800

STAD
Lærdalsøren hotell

INNLEIARAR:
– Astrid Trulssen/Jon Tamnes: bakgrunn for prosjektet
– Tone Einelia: om arbeidsprosessen, framlegg om ny organisering og vidare utvikling av Lærdalsmarknaden
– Harald Husabø: Dei eksisterande økonomiske rammer, nye økonomiske moglegheiter
– Gøran Johansen: Arkitekt som har sett på infrastruktur og logistikk med tanke på dei fysiske rammene for marknaden.
– Mariell Øyre om merkjevara Lærdalsmarknaden; Korleis formidla historia og framtidsvyene?

Håpar me sjåast!