Miljøprofil

Miljøprofil

Lærdalsmarknaden, Haustmarknaden og Julemarknaden har som hovudmål å minske miljøavtrykket vårt, og dermed redusere mengda av restavfall.

Me oppmodar gjestar og tilreisande til å reise kollektivt, sykle eller samkøyre, til og frå arrangementa. Vi har óg engasjert ei miljøpatrulje for å gjere det lettare for våre besøkande å bidra til eit miljøvenleg arrangement.

Lærdalsmarknaden vert arrangert midt i eit verna og sårbart trehusmiljø frå 1700- og 1800-talet. Dette, og at Lærdal er den kommunen i Sogn og Fjordane som no har flest miljøfyrtårnsertifiserte verksemder i fylket, gjer at me i Lærdal kjenner eit ekstra stort ansvar for å betra miljøprestasjonane våre. Takk for at du medverkar for å nå dette målet!