Lærdalsmarknaden 19.-21.6.2020

Lærdalsmarknad fredag 19 – søndag 21 juni 2020

Fullstendig program vert publisert i slutten av mai.

Velkomen til den største friluftsmarknaden i Lærdal, som har om lag 15.000 besøkande. Dette er sommarmarknaden, der sosiale møte mellom folk, underhaldning og handel går hand i hand. I 2020 kan me ynskje velkomen til til Lærdalsmarknad for 38 gongen etter oppattakinga av den historiske marknadstradisjonen i 1983.

Me ynskjer oss mange selgjarar, slik at det vert stor breidde og variert vareutval på Lærdalsmarknaden. Det vert opna for påmelding via www.laerdalsmarknaden.no frå medio mars og fram til ei veke før Lærdalsmarknaden tek til.

Velkomen som selgjar og gjest!

laerdalsmarknaden-7

Geitostselgjarane frå Underdal er mellom dei mange som har travle dagar og god omsetnad under den tradisjonsrike marknaden på Lærdalsøyri