Informasjon

Tre årlege marknader
Foreninga Lærdalsmarknaden arrangerer tre marknader årleg; Lærdalsmarknaden (tredje heile helga i juni), Haustmarknaden (siste helga i september) og ein Julemarknad på nest siste laurdagen i november.

Prisar
Prisar for deltaking på Julemarknaden i Lærdal (25.november 2017) er:

Plass inntil 2 frontmeter – for dei som tek med eige bord – kr 300 + mva
Plass inkludert trebod kr 500 + mva
Plass 3X3 meter – for dei som har med eige telt kr 800 +mva
Plass Salsbil kr 2000 + mva

Er det for mange søkjarar innan ei sone, så tilbyr me ei alternativ plassering.

Straum, til bankterminal og kasseapparat, kostar kr 250 + mva.

Alle ovannemnde er nettoprisar, 25 % MVA kjem i tillegg.

NB! Me gjer merksam på at det no vert arbeidd med ein ny plan for Lærdalsmarknaden, slik at det kan bli nokre endringar i høve til den fysiske plasseringa.

Marknadskontor
Under marknaden, så opprettar vi eit marknadskontor i Kulturbanken (Øyragata 11). Marknadskontoret tilviser plass for deltakarane, etter at innbetaling av deltakaravgift er sjekka ut, og yter anna service. Ta kontakt om du treng hjelp under arrangementet.

Miljø
Lærdalsmarknaden er oppteken av å vera så lite miljøbelastande som mogleg. Me oppmodar difor våre besøkande om å nytta kollektivtransport til og frå arrangementa. Gå til www.kringom.no for å få oppdaterte bussruter. Næraste stopp til marknadsarrangementa er “Lærdal v/Rådhuset”. Elles kan ein ringa ruteopplysinga på 177.

Det er viktig for oss at marknadsområdet er ryddig, slik at alle får ei god oppleving. Bruk difor dei oppsette avfallsstasjonane!

Overnatting
I marknadsområdet ligg Lindstrøm hotell (www.lindstroemhotel.no) og Sanden pensjonat (www.sandenpensjonat.no), som begge to er miljøfyrtårnsertifiserte. For andre overnattingsalternativ i kommunen, sjå oversikt på www.sognefjord.no.

Andre tenester
Sentrum har fleire serveringsstader.

Toalett: Det er off.toalett på Gamle holdeplassen og ved busstoppen ved rådhuset. Det er handikaptilgang og stellerom ved betalingstoalettet i rådhuset.

Minibank: Indre Sogn Sparebank

Post i Butikk: Prix Coop Lærdal

Bensinstasjon: Esso

Daglegvarebutikkar: Kiwi, Prix Coop

Parkering: Sjå sentrumskart