Historie

Maknadsplass frå gamal tid

Lærdalsøyri avløyste den mellomalderske «Lusakaupangen» (Kaupanger) som marknadsplass i Indre Sogn. Når veit me ikkje heilt sikkert, men i alle fall var det marknad her på 1500-talet. For i 1596 ser me at det kjem eit påbod om at marknaden skulle vara i åtte dagar og byrja åtte dagar «etter mikkeli» (Mikkelsmesse, 29. september).

Lærdalsøyri låg godt til rette til marknadsplass. Her var det eit naturleg knutepunkt mellom aust og vest. Den eldgamle ferdselsvegen gjekk her opp frå fjordbotnen og over Langfjelli austover til innlandet. Sjølvsagt vart det då meir innbringande for bønder og handelsmenn å ha naust og sjøbuer her nede ved sjøkanten.

Rundt marknadsplassen voks det opp mange aktivitetar som handverk, handel, vertshusverksemd, og seinare offentlege tenester som post og telegraf. «Her paa Lærdal foregaar betydelig omsætniger av fiskevarer, salt, hør (lin), hamp, jern, kornvarer, lin, taugverk, kolonialvarer, glasvarer, kobber, mølle- og slipestene, fiskeredskaper, tobak, og breændevin saavel med Indre- og en del med Ytre Sogn som Østlandet, hvis beboere hitfører fedevarer, talg, smør, huder, skind, tjære, næver, trekar og møbler. Fra Nord- og Søndfjord foregaaer ogsaa en betydelig omsætning av hester, der almindelig føres hen til Østlandets forskjellige egne…», heiter det i ein uttale frå ein regjeringskommisjon som behandla spørsmålet om bystatus for Lærdalsøyri rundt 1840.

Marknaden var og viktig for utveksling av kultur mellom bygdene og landsdelene og påverknad generelt utanfrå. Ungdom og tenestefolk strøymde til for moro og fest. Spelemenn frå Hallingdal og Valdres, møttest med spelemenn frå vestlandet. Arne Bjørndal, den kjende folkemusikk-granskaren, skreiv at Lærdalsmarknaden var mest som eit årvisst festspell for nasjonalmusikken.

Lærdalsmarknaden i si opphavelege form tok slutt ved kongebrev av 20.april 1876. Hestemarknad på Øyri, skipa 1886, vart sidan, ved kongebrev av 29. oktober 1892, halden kvart år den andre torsdagen i juni månad.

Kjelde: Lærdal bygdebok IV Heim og ætt, Lærdal kommune, 2001

 

11_gamle_oyragata