Haustmarknad 2019
Foreninga Lærdalsmarknaden har bestemt at den populære haustmarknaden på Lærdalsøyri i 2020 diverre må avlysast. Dette grunna korona-pandemien og fare for smittespreiing av det farlege viruset.
Det nyvalde styret for Lærdalsmarknaden, saman med marknadsnemdi, er i full gang med planlegging og utvikling av dei tre årlege marknadane i Lærdal, og me ser fram til at selgarar og besøkande kjem attende til Lærdal for å delta på marknader i framtida, når pandemien har kome under kontroll.
Velkomen att!
Foreninga Lærdalsmarknaden
Også Sildakongen frå Haugesund fann gode kundar på Haustmarknaden på Lærdalsøyri…men slik blir det diverre ikkje i september 2020