Foreninga Lærdalsmarknaden

Foreninga Lærdalsmarknaden

Lærdalsmarknaden er et samarbeidstiltak mellom frivillige lag og organisasjonar i Lærdal, organisert som forening, og registrert i Brønnøysundregisteret under org.nr 998297109.

Foreninga har ikkje økonomisk vinning som mål, men skal ha økonomisk rom for å kunne drifte og utvikle våre årlege marknadsarrangement vidare. (Lærdal kommune har fram til og med 2015 støtta arbeidet gjennom overføring av årleg tilskot, men dette har ikkje halde fram i valperioden som varde til 2019. Eit pågåande utviklingsprosjekt har sett på korleis marknadsarbeidet i Lærdal kan få ei omorganisering og langsiktig finansiering.)

Etter årsmøtet 26. februar 2020 er desse valde til (forretnings-)styre for foreninga Lærdalsmarknaden:

Jon E Tamnes (leiar), Guri Olsen, Mariell Øyre, Magnhild Aspevik og Astrid Grøndal Trulssen.

Som medlemmer av arrangørnemnda (marknadsnemndi) er følgjande valde: Astrid Grøndal Trulssen, Trine Grøttebø, Ove Feidje, Anne Grøttebø, Frøydis Helland (kommunalt oppnemnd medlem i kommunestyreperioden, med Birgit Lervik som vara). Årsmøtet ynskte òg eit styremedlem frå handel/næringssamskipnad, men val vart ikkje føreteke. (Me oppmodar interesserte og engasjerte folk, som ynskjer å bidra i marknadsarbeidet om å ta kontakt!)

Teknisk drift i Lærdal kommune hjelper oss med fleire oppgåver, dette er me veldig takksame for. Årsmøtet bad elles styret om å ta kontakt med Lærdal kommune om korleis kommunen kan ynskje å støtte Lærdalsmarknaden frametter, slik at foreninga Lærdalsmarknaden får moglegheit for/tilgang til ein lønna personressurs.