Ein friluftsmarknad med røter i gamal tradisjon…

Ein friluftsmarknad med røter i gamal tradisjon…

Alt på 1500-talet var det rimeleg lett for folk å ta seg til Lærdal, og dette la grunnlaget for at det vart resolusjonsfesta ein marknadsplass på Lærdalsøyri så tidleg. Etter nesten 300 år med handel og vandel, sette ein ny kongeleg resolusjon i 1876 eit førebels punktum for den gamle marknaden. Men i 1982 tok lokale eldsjeler oppatt tradisjonen og no vert det kvart år arrangert Lærdalsmarknad tredje helga i juni, Haustmarknad siste helga i september og Julemarknad i slutten av november. Alle marknadene går framleis føre seg i den historiske strandsitjarstaden, det vakre trehusmiljøet på Lærdalsøyri. Folk handlar i bodene, ser på utstillingar, kjøper seg mat, nyt variert underhaldning og møter trivelege folk.

Ta del i eit ekte og levande kulturminne, bli med på Lærdalsmarknaden 16.-18. juni 2017: Velkomen som selgjar, velkomen som gjest!