| Send søknad om deltaking på Lærdalsmarknaden 2012 |
|
Marknaden vert som vanleg arrangert den tredje helga i juni, i år den
15.-17. juni. (Frist for påmelding er 4. juni.)
Årsmøtet i Lærdalsmarknaden måtte konstatere at det har vore ein
kraftig auke i arrangementskostnadene, men at prisene for deltaking
ikkje har vore endra på fleire år. Det vart difor samrøystes vedteke
ei prisjustering både på m2-prisen, leige av bod og straumleige.
Det er òg bestemt at salstida vert utvida med ein time på søndagen, slik at marknaden då opnar ein time før, kl 12:00. Me ynskjer velkomen til ein ny, og vellukka marknad på Lærdalsøyri. Marknadsnemndi |









