| Ein friluftsmarknad med røter i gamal tradisjon... |
|
Med det etter måten lette sambandet mellom aust og vest i Norge, som gjekk gjennom Lærdal, vart det tidleg ein marknadsplass på Lærdalsøyri. Då det starta i 1596 varde marknaden heile 8 dagar og starta 8 dagar etter Mikkelsmess. Frå 1836 var det påbod om at marknaden berre skulle vara i 4 dagar. Både bymenn og store bønder hadde eigne naust på Øyri der dei hadde varene sine. Dei selde mjøl, fisk, salt, lær og elles ting dei hadde bruk for. På gata stod det fem, seks kaffikjerringar og så var det øl å få kjøpt i kvar anna stove, mange møtte bare for å ha det moro. Tenarar skulle ha fri ein eller fleire marknadsdagar og desse fridagane vart ofte til skikkeleg utskeiing. I 1876 vart det ved kongeleg resolusjon sett punktum for den gamle marknaden. Men i 1982 tok nokre eldsjeler oppatt den gamle tradisjonen og no vert det kvart år gjennom stor lokal dugnadsinnsats arrangert "Lærdalsmarknad" tredje helga i juni og "Haustmarknad" i månadsskiftet september/oktober. Begge marknadene går framleis føre seg i det idylliske trehusmiljøet på Lærdalsøyri. Folk handlar i bodene, ser på utstillingar, kjøper seg mat, nyt variert underhaldning frå scena og møter trivelege folk. |









