| Lærdalsmarknaden |
|
|
Lærdalsmarknaden er et samarbeidstiltak mellom frivillige lag og organisasjonar i Lærdal. Samarbeidet har ikkje økonomisk vinning som mål, men skal ha økonomisk rom for å kunne drifte og utvikle våre to årlege marknadsarrangement vidare. Lærdal kommune støtter arbeidet gjennom overføring av eit årleg tilskot, samt at kommunen stiller sekretærhjelp til disposisjon: Astrid M Aarvik (skrivar) og Jon E. Tamnes (kasserar) og Trine Grøttebø frå Aurland og Lærdal reiselivslag. På årsmøtet 6. mars vart desse valde til marknadsnemnd: Astrid Grøndal Trulssen, Hans W Tønjum, Arne Sanden, Bente O Opsvik, Elle Hovland. Kari Blåflat er kommunalt oppnemnd medlem i kommunestyreperioden. I tillegg kan Handelsgruppa peike ut eit medlem (Bjørg Valaker, Ingvar Breivik og Lynn Norum er varamedlemmer). Marknadsnemndi konstituerer seg sjølv.
VEDTEKTER FOR LÆRDALSMARKNADEN § 1 - FØREMÅL FOR ARRANGEMENTSSAMARBEID I LÆRDAL Frivillige lag og organisasjonar i Lærdal kommune vil samarbeide om arrangementsansvaret for større publikumstilstellingar i kommunen. Arrangementa skal gje inntektsmoglegheiter for dei deltakande frivillige lag og organisasjonar, og samstundes skape tilstellingar til glede for ålmenta. § 2 - ORGANISERING Det høgaste organet i det frivillige samarbeidet er årsmøtet. På årsmøtet til Lærdalsmarknaden har alle frivillige lag og interesseorganisasjonar innan Lærdal kommune møte- og røysterett. Kvar møtande organisasjon har ei røyst. Årsmøtet skal haldast årleg (mellom 1. november og 1. mars). Årsmøtet vel årleg valnemnd, som skal kome med framlegg til marknadsnemnd. Marknadsnemnda kan ha inntil 7 medlemar og toårig funksjonsperiode. Lærdal kommune peikar ut eit av medlemane. Dei resterande medlemane i marknadsnemnda vert valt av årsmøtet. Marknadsnemnda skal konstituere seg med leiar og eventuelle andre styrefunksjonar og marknadsnemndi kan opprette undergrupper til særskilte arbeidsoppgåver. Lærdal kommune kan etter førespurnad frå marknadsnemnda stille sekretariat til disposisjon for nemnda. § 3 - FORVALTING AV RETT TIL HANDEL UTANOM FAST UTSALSSTAD Under marknadsdager i regi av Lærdalsmarknaden, disponerar marknadsnemnda Lærdal kommune sin rett til å tilvise plass til seljarar. § 4 - ØKONOMISK FORVALTING Sekretariatet forvaltar marknadsnemnda sine bankkonti. Sekretariatet pliktar å halde forsvarleg rekneskapsmessig oversyn over aktiviteten. Årsmøtet vel revisor. § 5 - ENDRINGAR I VEDTEKTENE Årsmøtet kan med vanleg fleirtal vedta endringar i vedtektene for det frivillige samarbeidet. Framlegg til endringar skal sendast til marknadsnemnda, som legg saka fram for årsmøtet.
|
|










