Den fransk-amerikanske forskaren og forfattaren Paul Belloni du Chaillu (1835 – 1903) reiste på 1870-talet ikring i dei nordiske landa. Reiseskildringane til Du Chaillu er ei blanding av hjarteleg møte med innbyggjarane og turre fakta om temperatur, natur, innbyggjartal, avstandar osb. I dette stykket skildrar han sitt møte med Lærdalsmarknaden.

I heile Skandinavia vert det skipa til marknader ein eller to gonger i året, på stader som høver for store samkomer. Handelsmenn sender varer til desse omsetningsstadene og det vert ofte bygd hus, spesielt for føremålet. Ein finn marknader med hestar og husdyr, og andre der det berre er sal av varer.
Det var september. Ei mengde båtar drog seg mot land på veg til marknaden som skulle finne stad på Lærdalsøren, inst i Sognefjorden. Både kvinner og menn rodde, men ettersom dei nærma seg strandkanten, stoppa dei båtane for å gje roarane tid til å fjelge seg litt før dei steig i land. Kvinnene tok på seg stakk og kjoleliv over underkjolen, kjemde håret, retta på hatten og tok eit siste overblikk på klesbunaden sin. Bondekvinnene er svært nøyne med at ein skal sjå ordentleg ut i sosiale lag.
Vel i land, fann eg den smale gata på Lærdalsøren full av folk, inkludert mange velkledde kvinner. Mennene var i mørkeblå heimelaga klede med sølvknappa vestar, nokre få hadde knebukser. Kvinnene var kledd i kjolar med høg hals av grovt mørkeblått eller svart ullstoff. Livet var hekta saman med sølvknappar. Gifte kvinner bar særprega hovudplagg frå heimstaden sin og jentene hadde tørkle eller små luer.
Vel framme i hovudgata fann eg meg sjølv omringa av venlege menneske som ønskte meg velkommen til Lærdal. Marknaden skulle vare i tre dagar, og alle kom for å selje eller kjøpe. Bøndene skaffa seg først og fremst tørrfisk, sild, grovt salt til husdyra, mjøl, te, kaffi, sukker osb. til vinteren og kvinnene sytte for slitesterke klede til seg og familien.
Fleire krambuer er opne heile året med varer frå kjøpmenn i Bergen for kommisjonsal. Eg fekk vera med på ein slag sesongopning då eg var der. Det nye varelageret for året hadde nett kome, og siste skrik vart utstilt i all sin overdådighet. Mellom varene som freista kjøparane var sjal, silke, tørkle av ull og bomull, ulike bomullstoff og eit stort utval av parasollar, som kvar einaste kvinne med respekt for seg sjølv måtte ha.
Eit par gullsmedar kom frå Bergen, og varene deira var hovudattraksjonen for alle kvinner og jenter, og for nokre menn.
Mest alle hadde med eigen mat i rosemåla ovale tretiner. Tilreisande overnatta i husa ikring, der kvart rom var overfylt Folk betalte for losji, kaffi og nokre måltid.
Vennene mine presenterte meg for folk frå område eg ikkje hadde vore, og snart tykte eg at eg kjende alle. Ein gjeng ville ha kontakt med meg og gjekk saman med meg ei stund, så vart eg gripen tak i av nokre andre. På den måten møtte eg mange, og likevel møtte eg på dei same menneska fleire gonger heile dagen.

Kjøpegalskapen såg ut til å gripe alle, og til slutt vart også eg gripen. Eg byrja å handle i aust og vest, eit sjal her, ein parasoll og eit silketørkle der.
Eg gjekk saman med gode vener som hadde med døtrer og systrer då me kom til ei smykkebod. No var tida inne til å syne at eg ikkje hadde gløymt all velvilje og hjelp eg hadde motteke. Følgjet stimla saman kring glasmonteren der det var utstilt sølvskjeier, lenker, søljer og store mengder sølvringar. Mange av ringane var pynta med små gylne hjarte eller hender som var hekta saman. Det gildaste av alt var likevel gullringane. Målet for alle ungjenter var eingong å eiga ein slik skatt, ein blank gullring som dei kunne pryde seg med til stas og på sundagar.
På ønskjelista stod også forgylte fingerbjørg av sølv. Sølvur til menn vart det selt svært mange av. Eg kjøpte først ein ting og så ein annan, noko til Brita og noko til Ingeborg, Inger, Sigrid, Dorte og Anne. Til slutt handla eg til Ole, Lars og Mikkel. Ei gåve som er gjeven på marknaden er meir verd enn noko anna.
Eg naut å gje bort desse enkle gåvene, men eg kosa meg også med resten. Eg var oppteken av å ha ei fint opphald og gjera vennene min nøgde.
Høgdepunktet på marknaden synes likevel å vera kring klokka fem då folk åt middag. Då kjende dei seg lykkelege. Frå alle sider strøymde innbydingane på meg. Vennskapen auka utetter heile dagen og sju av oss svor på å vera gode venner resten av livet – og faktisk, fram til i dag, har me halde lovnaden.
Om kvelden gjekk eg saman med to jenter og nokre venner i tillegg til ein godlynt kar, som hadde fått seg litt for mykje innabords. Karen byrja å flørte med den eine av jentene. Ho svara lattermild: ”Du veit at eg ikkje er glad i deg, Paul”, samstundes som ho rådde han til å gå til Berit, for det var ho han eigentleg var glad i. Ho fortalde meg fortruleg at Paul hadde vore i lag med Berit i meir enn eitt år, og at han no bare var ute etter å finne ei ny jente, men det skulle iallefall ikkje verta henne.
Liknande episodar mellom unge menneske såg eg fleire gonger. Unge menn gjekk med armen kring midja til jenter dei ikkje var forlova med. Det kunne vera dotter til ein nabo eller systera til ein venn. Kanskje var det byrjinga på noko som kunne ende i ekteskap? Av og til kunne likevel jenta bruke musklar, og sende guten vekk på ein måte som gjorde han til latter. Dei fleste av desse bondejentene er dobbelt så sterke som ei jente frå byen.
Mot kvelden vart fleire av mennene svært livlege etter å drukke litt for mykje. Ingen av kvinnene tedde seg slik. Dei ville nok ikkje avslutte ein vellykka marknadsdag med slik åtferd. Det var likevel ingen krangling, ikkje noko stygge ord eller banning frå den norske bonden.
Folk heldt fram med å handle også etter at mørket senka seg og lampene vart kveikt i buene, men klokka åtte byrja det heile å avta og mest alle kvinnene hadde fordufta frå gatene.
Alle husa i området og dei omliggjande gardane var fulle av folk. Standarden på overnattingane var avgrensa, men alle vart tekne var på. Tre eller fire jenter låg i ei seng og mange menn sov på golvet. Klokka ni hadde alle trekt seg attende og marknaden var praktisk talt over.
Frå ”The land of the midnight sun” av Paul B. Du Chaillu
Omsett av Astrid M. Aarvik