|
Med det etter måten lette sambandet mellom aust og vest i Norge, som gjekk gjennom Lærdal, vart det tidleg ein marknadsplass på Lærdalsøyri. Då det starta i 1596 varde marknaden heile 8 dagar og starta 8 dagar etter Mikkelsmess. Frå 1836 var det påbod om at marknaden berre skulle vara i 4 dagar. Både bymenn og store bønder hadde eigne naust på Øyri der dei hadde varene sine. Dei selde mjøl, fisk, salt, lær og elles ting dei hadde bruk for. På gata stod det fem, seks kaffikjerringar og så var det øl å få kjøpt i kvar anna stove, mange møtte bare for å ha det moro. Tenarar skulle ha fri ein eller fleire marknadsdagar og desse fridagane vart ofte til skikkeleg utskeiing. Det vart ordna med vakter som skulle halde styr med galskapen, og denne vart betalt ved at seljarane måtte betale toll til vakta, ein offiser, ein underoffiser og 30 soldatar. |
|
Les meir…
|
|
|
Lærdalsøyri avløyste den mellomalderske "Lusakaupangen" (Kaupanger) som marknadsplass i Indre Sogn. Når veit me ikkje heilt sikkert, men i alle fall var det marknad her på 1500-talet. For i 1596 ser me at det kjem eit påbod om at marknaden skulle vara i åtte dagar og byrja åtte dagar "etter mikkeli" (Mikkelsmesse, 29. september). |
|
Les meir…
|
|
|
Claus Lindstrøm fortell etter Sofie Lindstrøm (1850-1942) "Etter solen var gått ned på Øren i september var det godt å ha marknaden å se fram til, med den fulgte nytt liv og røre. En hel uke var det skolefri under marknaden og her var mange fristende tilbud også for barn. Litt penger hadde søskene tjent ved salg av bly de fant på ekserserplassen og ved salg av egg fra "egne"høner. Til marknaden fikk de også sine egne lommepenge, en blank sølvhalvdaler. – De begynte hos Kaffe-Dørdei, hun hadde sin friluftskafe på en åpen plass der Kvammes Hotell nå ligger. Friheten var stor under marknaden. Til det ferske hvetebrødet og smørkringlene drakk også barna en kopp kaffe hos Dørdei. |
|
Les meir…
|
|
|
Den fransk-amerikanske forskaren og forfattaren Paul Belloni du Chaillu (1835 – 1903) reiste på 1870-talet ikring i dei nordiske landa. Reiseskildringane til Du Chaillu er ei blanding av hjarteleg møte med innbyggjarane og turre fakta om temperatur, natur, innbyggjartal, avstandar osb. I dette stykket skildrar han sitt møte med Lærdalsmarknaden. |
|
Les meir…
|
|
|